Portefølje
          Gym Stryn
          
            Gym Stryn er eit treningssenter lokalisert sentralt i Stryn sentrum.
            Treningssenteret vart etablert i 2016 og ynskte seg ein visuell
            profil som reflekterte ein sunn livsstil med trening både ute og
            inne. Eg utvikla den visuelle profilen, webdesign, samt ulike
            materiell og grafikk for dei.
          
          
          
          Harevadet Hyttegrend
          
            For denne kunden utvikla eg ein logo som spegla det bedrifta ønskte
            å formidle. Prikkane på toppen av logoen illustrerer harespor,
            fjelltoppar og/eller hyttetak i snø og kald frisk vinterluft som
            reflektere dei naturskjønne omgjevnadane rundt hyttefeltet. Fargane
            er valt for å skape ein lun og varm følelse, og for å skape kontrast
            til det kalde og harde i fjell og snø.
          
          
          CrossFit Stryn
          Logodesign for CrossFit Stryn.
          
          Hornindal Rekneskap
          
            For Hornindal Rekneskap har eg utvikla ein logo som reflekterer
            verksemda si pålitelegheit og profesjonalitet. Logoen er designa med
            klare linjer og eit tidlaust uttrykk for å spegle selskapet sin
            ekspertise innan rekneskap og rådgjeving. Dette visuelt sterke og
            enkle designet gir eit tillitsvekkande inntrykk som samsvarar med
            kunden sine verdier og tenester.
          
          
          Tømrer 1
          
            For eit Bergen-basert snekkerfirma har eg utvikla ein visuell profil
            som reflekterer kvaliteten og håndverket i tenestene deira. Profilen
            inneheld eit tidlaust og solid design som understrekar
            pålitelegheita og ekspertisen til firmaet. Dette omfattar logo,
            fargepalett og typografi som saman skapar eit profesjonelt og
            gjenkjenneleg uttrykk.
          
          
          Teknisk gjennomføring
          
            Eg har bidratt til å utvikle logoar for Hornindal Rundt og Hornindal
            Skisenter, der eg har hatt ansvaret for den tekniske gjennomføringa
            av designa. Dette omfattar å sikre at logoane er profesjonelt
            utforma, vektorbaserte og eigna for trykksaker samt digitale
            plattformer. Gjennom arbeidet har eg sørga for at logoane er klare
            for bruk i ulike format og medium, med høg kvalitet og presisjon.
          
          
          Bli sunn
          
            Bli Sunn er eit helsefremjande initiativ som tilbyr rettleiing og
            ressursar for å oppnå ein sunnare livsstil. For denne kunden utvikla
            eg deira visuelle profil, inkludert logo og
            marknadsføringsmateriell. Prosjektet gav meg moglegheita til å
            kombinere kreativ design med helsekommunikasjon, og resultatet var
            ein sterk og gjenkjenneleg visuell identitet som har hjelpt Bli Sunn
            å nå ut til fleire med sine helsetilbod.
          
          
          Diverse
          
            Eg har arbeidd med ei rekke prosjekt for ulike kundar. Eit døme er
            NEMI, eit forskingsprosjekt ved Universitetet i Bergen, der eg
            designa logoen. For Sogn og Fjordane Idrettskrets har eg utforma
            plakatar til leiarkurs for ungdom. I tillegg har eg designa ymse
            visittkort.